Tapet mellom tidsaldrar
(Bók)
Jóanes Nielsen, Lars Moa
Jóanes Nielsens Tapet millum øldir er utgitt på norsk med tittelen Tapet mellom tidsaldrar, gjendikta av Lars Moa. Det er Bokbyen forlag i Tvedestrand som gir ut den nyaste diktsamlinga. Fleire av bøkene til Jóanes Nielsen er komne ut på norsk, og han har fått god omtale i dei viktigaste norske avisene. Om samlinga ”Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar og teikn” skreiv Knut Ødegård i Aftenposten at ”Det som særpregar den mogne lyrikaren Jóanes Nielsen er ein fin balanse mellom råe uttrykk og vâre kjensler.” Om romanen Brahmadellane skreiv Adresseavisen at boka er ”En storartet generasjonsroman (som) har gitt den færøyske forfatteren hans femte nominasjon til Nordisk Råds litteraturpris. Får han den endelig? Det ville vært så fortjent!”
Lars Moa har gjendikta fem diktsamlingar og to romanar av Jóanes Nielsen, og har også gjendikta bøker av Rakel Helmsdal, Carl Jóhan Jensen, Martin Joensen, Oddvør Johansen og Martin Næs. Moa er den suverent mest aktive i formidling av færøysk litteratur til norsk, og har også fått heiderspris i Norge for det gode arbeidet sitt.